Pretour Dalane 2018

Syklistane sesongstarta  i sommarvêr

Sommaren var innom og gjorde Pre Tour dalane til ein strålande start på årets sykkelsesong for 118 deltakarar på torsdag.

Som trening og formtest før det ordinære rittet i juni arrangerer Nordsjørittet, i samarbeid med eigarklubbane, tre pretour-ritt i ulike løyper og over snautt halve distansen av originalrittet. Torsdag var det klart for det første av desse, Pre Tour Dalane, med start og mål på Slettebø. Og for ei oppkjøring det blei, både til Nordsjørittet og til sykkelsesongen generelt. – I det fantastiske vêret fekk me ein nydeleg start på sykkelsesongen; ein flott opptur for både syklistar og arrangørar, seier ein strålande for
nøgd Siri Ommedal, dagleg leiar i Nordsjørittet. – Eg håper denne flotte sykkeldagen i Dalane ber bod om ein kjekk sykkelsesong der veldig mange vil ut og trø, ikkje bare for å koma høgt opp på resultatlistene, men òg for helsa sin del, legg ho til. 118 syklistar stilte til start i det fire mil lange rittet på torsdag. Blant deltakarane var både trente syklistar som ønskte å testa seg sjølv, og mindre rutinerte rittdeltakarar som nytta anledninga til å vera med på eit lågterskelarrangement i finvêret. – Dalane sykleklubb har laga ei løype som er som ei nordsjørittløype i miniatyr. Tilreisande skryt mykje. Den lokale sykkelklubben legg òg til rette med fadrar i løypa, noko som betyr veldig mykje for dei ferskaste. Dette gir meirsmak og tryggleik med tanke på å stilla opp på organiser
te sykkelarrangement. Og dei gode heimelaga kakene som deltakarane får når dei kjem i mål, gjer det ikkje akkurat mindre attraktivt å vera med, smiler Ommedal. Raskast gjennom løypa av dei mannlege deltakarane var Trond Skaale frå Stavanger Terrengsykkelklubb. Tida hans, 1.09.50, var bare 47 sekund bak løyperekorden til Jone Ellingsen frå 2016. Raskaste kvinne, Siri Solsvik Fiksdal frå Sandnes SK, sette ny løyperekord med 1.19.27. Av dalbuane sykla Kjell Sigve Grønning og Mette Karlsen fortast. Neste pretour går på Nærbø 3. mai.

1. Trond Skaale, Stavanger   (M40-44)  ………..1.09.50

16. Kjell S. Grønning, Dalane SK (M35-39)  …1.14.40

20. Gaute Brådli, Vigesaa SK (M50-54) ……….1.15.14

27. Johnny Vaule, Vigesaa SK  ………………………1.19.21

28. Siri Solsvik Fiksdal, Sandnes SK  ……………1.19.27

36. Erik B. Svalestad, Dalane SK (M55-59) ….. 1.22.0

36. Per Terje Tjåland, Dalane SK (M50-54) …. 1.22.0

38. Mette Karlsen, Dalane SK (K25-29)  ………1.22.01

39. Bjørn Arild Omdal, Dalane SK (M45-49)  1.22.23

46. Alf Skipstad, Egersund (M40-44)  ………….1.23.40
47. Kjell Aarstad, Dalane SK (M60-64)  ……….1.23.57

48. Odd Garpestad, Dalane SK (M70-74)  ……1.23.58

48. Ulf Tjåland, Dalane SK (M45-49) ………….. 1.23.58

51. Olaf Asbjørnsen, Dalane SK (M45-49)  ….1.24.01

52. Kjetil Søsæther, Aker (M45-49)  …………….1.25.52

61. Jim H. Gjersdal, Dalane SK (M40-44)  …..1.30.06

62. Agnar Tengesdal, Dalane SK (M45-49)  ..1.30.07

63. Magne Melhus, Dalane SK (M55-59) ……. 1.30.37

63. Rune Refsland, Dalane SK (M45-49) ……. 1.30.37

63. Tor K. Sleveland, Dalane SK (M50-54)  ….1.30.37

63. Jan Wersland, Dalane SK (M45-49)  ……..1.30.37

67. Steinar Rødland, Dalane SK (M60-64)….. 1.32.08

69. Gudmund Jørgensborg, DSK (M70-74)  ..1.32.09

69. Øystein Jørgensborg, Kiell. (M45-49)  …..1.32.09

69. Svein Tore Aase, Dalane SK (M55-59) …. 1.32.09

72. Agnar Gjertsen, Dalane SK (M45-49)  ……1.32.20

76. Aldor Monsen, Vigesaa SK (M 45-49) …… 1.35.02

80. Margrete Thorsen, Dalane SK (K45-49)  .1.36.01

81. Kjell Inge Edland, Dalane SK (M45-49) … 1.36.05

101. Svein Gjengedal, Coop (M55-59)…………. 1.50.57

103. Julie K. Perttamo, Dalane SK (K30-34)  1.51.35

103. Anne T. K. Aarstad, DSK (K50-54)  ………1.51.35

105. Tor M. Hovland, Dalane SK (M50-54) …. 1.52.21

106. Vanja Madland, Dalane SK (K45-49)  …..1.59.44

108. Gro Jørgensborg, Egersund (K45-49) …2.15.27

Eli Andreassen, Dalane SK (K50-54)  …………..Fullført

Oddbjørn Haver, Aker Egersund (M60-64)  ….Fullført

Edel Karin Hovland, Dalane SK (K45-49) …… Fullført

Kari Skailand, Dalane SK (K50-54)  ……………..Fullført

Ronald A. E. Velasco, Dalane SK (M45-49)  …Fullfør